Årets medieprisvinnarar, øvst frå venstre: Sigrid Sollund (Lytterprisen), Torstein Bae (TV-prisen), Eirin Eikefjord (Gullpennen) og Linda Eide (Språkgledeprisen).Foto: NRK, Bergens Tidende.

Språkgledepris til Linda Eide

Linda Eide vert av Riksmålforbundet heidra med ein ny språkgledepris for «Eides språksjov». Riksmålsforbundets medieprisar går i år elles til Sigrid Sollund, Eirin Eikefjord og Torstein Bae.

– For første gong deler Riksmålsforbundet ut ein språkgledepris. Det er også første gong vi gir pris til ein nynorskbrukar, men Linda Eide fortener honnør for å ha gjort norsk på begge målformer til lærerik underhaldning i beste sendetid på TV. Med både innsikt og humør har ho skapt interesse og begeistring for vår viktigaste kulturverdi – språket vårt, seier Riksmålsforbundets formann Trond Vernegg.

Prisen Gullpennen går også til ein vestlending: Eirin Eikefjord, kommentator og politisk redaktør i Bergens Tidende.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eirin Eikefjord har i mange år prega nasjonal og ikkje minst vestnorsk samfunnsdebatt. Ho er klar og tydeleg og brukar den elegante formuleringsevna si som eit effektivt språkleg verktøy, uttaler Gullpennens juryleiar Tom Egeland.

TV-prisjuryen har latt seg imponere av Torstein Baes talegåver som NRKs sjakk-kommentator.

– Med eit levande og entusiastisk språk har Torstein Bae kommentert direktesende sjakkparti i time etter time, utan nokon gong å la seg vippe av pinnen. Formidlingsevna hans er utvilsamt ei viktig årsak til begeistringa for sjakk som har breitt seg over heile landet, seier juryleiar Camilla Eikeland.

Lytterprisvinnar Sigrid Sollund er ei kjent stemme frå Dagsnytt 18, som også går på NRK 2.

– Ho har markert seg med ein variert og ofte leikande, men presis ordbruk, og skaper alltid ein fin arena for meiningsutveksling. Ho har ei trygg forankring i språket sitt og opptrer ryddig og verdig – sjølv når det går ei kule varmt i debattane ho leier, seier juryleiar Kalle Lisberg.

(©NPK)