Petja Cink og dei andre STIL-spelarane jobba hardt gjennom heile kampen, men innsatsen betalte seg ikkje i form av poeng.

Spenning til siste slutt

Det var ikkje godt å sjå at det var botn som møtte topp då STIL tok imot Skavøypoll på Idrettsplassen fredag. Og som det ofte gjer i slike oppgjer: Topplaget stakk av med alle poenga til slutt.

Etter ein jamspelt kamp med sjansar til begge lag, fall avgjerda to minutt på overtid i 2. omgang. Skavøypoll fekk frispark på venstresida, Erik Sandal slo inn, og Lars Nygård heada ballen i det lengste hjørnet.

Dermed enda det med ein litt heldig siger for serieleiaren.

- Dette er rett og slett bittert, konstaterte STIL-trenar Øyvind Hervik etter at laga var gådde i garderoben.

- Eg synest vi vann fortent, sa Skavøypoll-trenar Vidar Sandal.

Les meir om kampen i papirutgåva måndag.