– Det er veldig kjekt å flytte inn i nybygget. Det har vi gleda oss til lenge, seier rektor Ragnhild Bruvoll.

– Spennande å flytte inn i nybygget

Elevane i 10. klasse fekk måndag flytte inn i nybygget ved Gloppen ungdomsskule. – Det er veldig spennande å få flytte inn i nytt bygg, og det blir kjekt å få nytt klasserom, seier Malin Aaberg i 10b og Kristoffer Fure i 10c.

Det gamle formingsbygget ved Gloppen ungdomsskule har vore stengt sidan 2010 på grunn av muggsopp og roteskade. Kunst og handverkfaget har dermed ikkje hatt eigna lokale. Heller ikkje har det vore rom for å ta imot elevar med særskilde behov. I september i fjor løyvde kommunen 62,2 millionar kroner til ei utbygging, ombygging og renovering av skulen.

Klar til skulestart

Byggjearbeidet starta i desember 2014, og i ti månader har elevar og tilsette ved skulen levd med ein god del støy. Fleire klasser har vore på flyttefot, og utearealet ved skulen har vore redusert til eit minimum.

Avdelinga for elevar med særskilde behov vart gjort ferdig i haust. Denne avdelinga er plassert i første etasje i administrasjonsfløyen.

– Det var godt at denne avdelinga var klar til skulestart. Vi har tre elevar som held til her i dag, og det er sjølvsagt kjekt for dei å få gå på skule der dei høyrer heime, seier rektor Ragnhild Bruvoll.

Les meir i papirutgåva onsdag.