Statsminister Erna Solberg (H) og regjeringa kunngjorde søndag kveld ei rekkje inngripande tiltak som tar sikte på å hindre ei ny smittebølgje i Noreg. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Sosial nedstenging i Noreg etter julehøgtida

Statsminister Erna Solberg (H) ber Noreg bli med på eit to veker langt krafttak for å hindre at koronasmitten kjem ut av kontroll.

– Eg vil gjerne ønskje dykk alle eit godt nytt år. Men det nye året har dessverre ikkje starta slik vi håpa, sa Solberg på ein pressekonferanse søndag kveld.

Der presenterte ho ein pakke med nye, strenge tiltak for å slå ned smitten i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksinasjonen her til lands har starta, men no fryktar regjeringa og helsestyresmaktene at koronaepidemien kjem ut av kontroll i starten av året.

Difor blir det no innført ein «sosial nyttårspause» for å unngå ei ny smittebølgje.

– Viss alle følgjer desse reglane, vil vi saman kunne avgrense smitten, sa Solberg.

Sosial pause

Blant dei mange tiltaka som er hasteinnførte frå og med måndag 4. januar, er ei grense på fem personar i private samankomstar utanfor eigen heim. Denne grensa blir forskriftsfesta, og du kan bli bøtelagd viss du bryt henne.

Nordmenn blir samtidig tilrådde å vente med å ha gjester på besøk heime i 14 dagar. Men dette er berre eit råd, ikkje ein bindande regel.

Det blir òg innført eit nasjonalt skjenkeforbod på serveringsstader.

Alle ungdomsskular og vidaregåande skular går over til raudt nivå.

Alle kjøpesentera og butikkane i landet blir bedne om å innføre avgrensingar i talet på besøkande og inngangskontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle som kan ha heimekontor, bør ha det.

Dessutan blir nordmenn bedne om å unngå alle unødvendige reiser – både innanlands og utanlands.

Organiserte fritidsaktivitetar og idrettsaktivitetar innandørs blir tilrådd utsett til etter 18. januar, og det blir innført strengare avgrensingar i talet på besøkande for arrangement både innandørs og utandørs.

– Vi må setje det sosiale livet vårt på vent i minst to veker, sa Solberg.

Ny vurdering i midten av januar

Bakteppet for desse inngripande tiltaka er bekymring for at Noreg no står ved eit farleg knekkpunkt i smitten.

Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) er R-talet, altså reproduksjonstalet, no berekna til 1,3. Det betyr at viss 100 personar blir smitta av covid-19, vil desse i snitt smitte 130 personar vidare.

Den nye tiltakspakken vil i første omgang vare i to veker, frå 4. januar til 18. januar. I midten av januar vil situasjonen bli vurdert på nytt.

Det må då vere ei stabilisering og helst ein nedgang for at tiltaka skal lettast, understrekar Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vi er redde for, er denne R-en på 1,3, som gir eksponentiell vekst og betydeleg fleire sjuke viss vi ikkje får han ned. Det er han vi må sjå ei rørsle i, utdjupar Solberg overfor NTB.

For svak etterleving

Helsedirektør Bjørn Guldvog seier til NTB at han trur oppblussinga gjennom jula først og fremst kjem av at folk ikkje har følgt smittevernreglane godt nok, og ikkje at regelverket i seg sjølv har vore for liberalt fram til no.

– Men det er klart at med den auka mobiliteten vi har hatt, og den auka moglegheita vi har hatt til å treffast, så har det vore ein auka risiko, seier han.

Han legg til at det framleis er uvisse rundt korleis smitteutviklinga faktisk har vore i jula.

– Men det er auka smittetrykk i befolkninga no, og det er utbrot i stadig fleire delar av landet, seier Guldvog.

(©NPK)

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) under pressekonferansen søndag. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Fakta om den sosiale nedstenginga i Noreg

Dette er dei nye koronatiltaka som regjeringa kunngjorde på ein pressekonferanse søndag kveld:

Tilrådingar for heile landet:

* Unngå å ha gjester i heimen. Vent 14 dagar med private besøk. Unntak for nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i den siste fasen til livet. Aleinebuaende kan ha besøk av eller gå på besøk til ein til to faste venner eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs blir tilrådde utsett til etter 18. januar.

* Unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland.

* All undervisning og alle planlagde arrangement ved universitet, høgskular og fagskular blir digitale fram til 18. januar.

* Alle vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå.

* Heimekontor for alle som har moglegheit til dette.

* Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre avgrensingar i talet på besøkande slik at det er mogleg å halde avstand og dessutan ha inngangskontroll.

* Utandørs aktivitetar kan gjennomførast dersom det er mogleg å halde god avstand.

* Toppidretten og kulturutøvarar som har eit særskilt unntak med eiga regulering, blir ikkje omfatta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reglar for heile landet:

* Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Viss ein er fleire enn fem i same husstand, kan alle i husstanden møtast.

* Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar osb., likevel 200 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte. Dei fleste av desse arrangementa vil uansett ikkje vere i tråd med nasjonale tilrådingar og bør derfor utsetjast eller bli avlyste.

* Det blir innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement.

* Tiltaka gjeld frå måndag 4. januar til måndag 18. januar. I midten av månaden vil regjeringa gjere ei ny vurdering av situasjonen.

(©NPK)