Natt til søndag må vi hugse på å stille klokka ein time fram. Foto: Hallvard Østrem/NPK.

Søndag må du stille klokka mot sommar

Klokka 2 natt til søndag 28. mars startar sommartida, og du må stille klokka ein time fram. Så frå palmesøndag går vi lysare kveldar i møte.

I Noreg er det gjennom forskrift for sommartid bestemt at vi, saman med ei rekke andre europeiske land, skal ha sommartid frå siste søndagen i mars til siste søndagen i oktober. I år varer sommartida altså fram til søndag 31. oktober.

EU-kommisjonen gjekk i 2019 inn for eit forslag om å avvikle sommartid, men Rådet har ikkje vedteke forslaget som EU-kommisjonen har lagt fram. Dermed er det førebels ikkje klart om ein vil jobbe vidare med forslaget i EU.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men skulle det bli vedteke, er det opp til kvart enkelt land å bestemme om landet skal bruke sommartid eller vintertid som normaltid. Det kan føre til auka tidsforskjellar i Europa.

I dag bruker over 70 land sommartid, det vil seie mindre enn 40 prosent av landa i verda. Blant nabolanda våre gjeld dette Sverige, Finland og Danmark, medan Island og Russland ikkje har sommartid.

Eit spørsmål som dukkar opp hos mange både om hausten og våren, er kva veg klokka skal stillast.

Ein hugseregel er at ho skal stillast mot næraste sommarferie. Om våren lengtar ein fram mot sommarferien, medan ein om hausten lengtar tilbake til han.

(©NPK)