Sølvuret frå tippoldefar Ludvigsen i Bergen. Uret er frå kring 1860.

Sølvuret frå tippoldefar

Uret med den heilt spesielle historia, skrive av Odd Hansen.

«So er det Odd sin presang, det er no reine antikviteten. Det er det gamle sølvuret til Bestefar Ludvigsen i Bergen. Vor Ludvig fekk det av han, og eg fekk det av Ludvig. Vonar Odd vert glad i den. Det er Tippoldefar han arvar den etter, og det var verdens snillaste og beste menneske. Han får ikkje lov å bytte eller selje den nokonsinne», skreiv Rakel-moster mellom anna i julebrevet frå Faleide 15. desember 1955.



Det var spennande å få brev frå Faleide, frå Anne- og Rakel-moster. Rett sagt var dei far sine tanter  –  mor sine søstre – altså moster, men også for oss ungane var dei akkurat det same; Anne- og Rakel-moster.  Dei budde på Faleide, inn i fjorden. Det var liksom så langt borte. Verda vår var ikkje så stor. Sandane, Kleivedammen, Bukta og Rygg nådde vi til fots eller med sykkel, Faleide var ein lang og spennande tur unna. Biltur til Breim, over Utvikfjellet, forbi Innvik og til sist båtskyss frå Frøholm. Så var vi der, på Faleide, ein uutforska stad for oss ungane, og der dei to gamle, snille damene budde i ei lita raudmåla stove.

Denne vesle stova var i si tid heim for foreldre og åtte born. Far, Peder Steffensen Fossheim, kom frå Breim. Mor, Rakel Jonsdotter Hilde, var frå Innvik. Kring 1870 bygsla dei plassen frå bruk nr. 6 Utigard under gard nr. 70 Faleide. Tre av søskena reiste til Amerika, ein bror døydde ung, ei søster drog til Bergen og dreiv kafé på Bryggen. I 1932 bygde ho huset i Åsen, der eg og søskena mine voks opp. Bestemor vår, Oline Dorthea, blei gift med Bottolv Hansen på Sandane, medan Anne og Rakel blei igjen på Faleide. Dei bygsla plassen dei var oppvaksne på, kalla Pertunet, i 1922 på levetid.



 

ANNE-MOSTER VAR ELDST av dei to søstrene. Ho var stille, og lét Rakel få ordet først. Begge var ugifte og levde eit langt liv saman i den vesle stova. Dei var godt over pensjonistalder. Gikt hadde dei begge, men gjorde det beste utav det. Rakel-moster var munnrapp, flink til å fortelje og skrive brev. Julebrevet vi fekk i 1955 var ikkje noko unntak. Når eg no les det igjen, er det som orda lokkar fram bilete frå opplevingane på Faleide; frå Innigard, Midtigard og Utigard, «hotellet» og kaia, og ikkje minst stundene i stova i Pertunet, der Rakel fortalde levande og engasjert, om Faleide som handels- og skysstad, om hotell, kommunehus, lege og dyrlege. I si tid var det stor aktivitet i bygda på nordsida av fjorden. Sjøen var veg, og bygda låg sentralt til på 1800- og tidleg på 1900-talet.

«No er vi so langt komen, som til jul igjen, og vi lyt alltid være tidleg ute med dette småtteriet til ungane, det vert liksom ikkje fred før. Og so er vel baatane so overlasta, etter denne streikegreia, at vert det i siste liten, so gaar vel mykje galne veien. Ja de faar no ta viljen for verket», skriv Rakel-moster. Det var streiken i sjø- og landtransporten i 1955 ho var bekymra for. Heldigvis var den over i midten av desember. Ho var også litt uroa for nokre av julegåvene: «Det eg er mest redd for, er at eg har gjort smågutehuene alt for smaa, men de faar sette dei midt på skolten som ei anna gardisthue.»

 «So er det Odd sin presang, det er no reine antikviteten. Det er det gamle sølvuret til Bestefar Ludvigsen i Bergen. Vor Ludvig fekk det av han, og eg fekk den av Ludvig. So høyrde eg det i haust eg var der, at han Odd maste på Ann Karin og ville ha klokke, for aa passe paa dei dagane han skulle i skule, so vi tenkte at om han kunne ha noke nytte av denne, so skulle han faa den. Eg sende kjeden til Bergen med Sofie, og fekk det oppussa so det er verkeleg flott, og vi har trekt den opp av og til, og den har gaat, men so hadde eg den for sikkerheits skuld ut til Sigurd, han er slik klokkemakar, at han skullde sjaa paa den, og då fann han ut, at fjøra var av. Vi vart no so lei for det, men han sa at klokka var so god, at det betalte seg godt aa faa ei ny fjør i. Eg legg ein fem (kroner) i her, det vert no noke paa veg det den kostar. Vonar Odd vert glad i den. Det er Tippoldefar han arvar den etter, og han var verdens snilleste og beste menneske», skreiv Rakel-moster.

 

JA, KVEN VILLE IKKJE BLITT GLAD  for ei slik julegåve? Sølvuret oppbevarte eg i ei lita øskje med bomull i, akkurat passeleg stor. Uret var stas å bruke, men eg måtte vere forsiktig, både i bruk og når eg skulle trekke opp og stille visarane med dei små nøklane som høyrde til. Ein del år seinare, med konfirmasjonsdress, kvit skjorte og slips, med sølvuret i klokkelomma og kjeda hengande frå beltespenna, ja, då var eg fin mann, må tru. Det var jo rart å tenke på at det var frå tippoldefar min denne klokka kom. Etterkvart forstod eg at dette sølvuret var meir enn ei julegåve frå mostene på Faleide, det blei eit band til generasjonar tilbake.

Åra gjekk med læretid, skulegang, militærteneste og arbeid på trykkeri i Bergen, Kongsberg og Brattvåg. Sølvuret måtte etterkvart til reparasjon, og då eg var heime innimellom var det like greitt å levere det til reparasjon hjå urmakar på Sandane. Så skjedde det som eg slett ikkje rekna med; gamle Hotel Gloppen i Sandane sentrum brann ned ein februardag 1970. Og akkurat der heldt urmakarforretninga til, med sølvuret mitt til reparasjon. Der og då var antikviteten frå tippoldefar Ludvigsen tapt for godt, trudde eg.

 

FAMILIEN VAR ETTERKVART BLITT TRE, og vi ville slå oss ned på Sandane. Eg fekk jobb som typograf på Solglimt Trykkeri, der eg hadde gått i lære. Ein av søskenbarna mine, Knut Fjellestad, hadde også etablert seg på Sandane, han var utdanna radio- og tv-reparatør og i fullt arbeid i forretninga si, først i Hotel Gloppen, seinare i eigne lokale i Skarsteintunet. Ein dag eg var innom butikken hans, kom eg til å nemne sølvuret eg trudde var blitt borte i brannen. Urmakarforretninga var også nedlagt. Då var det Knut kom på at han ei stund etter brannen fått innlevert noko «rusk» i ein del plastposar frå urmakarforretninga. Vi kunne sjå litt på dei. Ein av posane blei tømt utover butikkdisken, og vi rota rundt i haugen av alle klokkene. Og der, akkurat der, var sølvuret frå tippoldefar! Det kan ikkje beskrivast kva eg følte og tenkte der og då, men sølvuret eg hadde avskrive som tapt, låg der. Det var ikkje reparert, og i dårlegare stand enn ved innlevering. Glaset i uret var borte, visarane det same. Men det betydde ingenting for meg der og då. Sølvuret blei igjen lagt i den vesle øskja med bomull. Med tid og stunder skulle eg nok få det reparert.

 

ANDRE FORSØK PÅ REPARASJON  vart heller ingen suksess, sjølv om eg såg for meg at dette skulle vere ei ganske grei sak. Den gang ei: «Du får henge den på spikaren!» fekk eg litt spøkefullt til svar då eg nokre dagar etter spurde korleis det gjekk. Der og då sveiv det i meg at no skulle eg ikkje gje opp før sølvuret igjen var i tipp-topp stand, med blankpussa kjede til. Omsider kom eg over ei avis der eg las om ein urmakar som enno kunne sitt fag, og reparerte gamle klokker. Det var berre å ikkje gje opp. Denne gongen hadde eg hellet med meg. Under ein stopp på Nordfjordeid på veg heim frå Stadt, tok eg turen innom Monrad Johnsen´s Eftf., lokalt populært kalla «Urmakaren». Det er eldste butikken på Nordfjordeid, stifta i 1885. I dag er det fjerde generasjon ved Harald Fagerstrand som driv butikken. Det skulle ikkje vere noko stort problem å reparere uret, meinte Fagerstrand. Eg kunne berre levere det inn, så skulle han ordne det. Litt tid ville det ta, han måtte ta det sånn innimellom anna arbeid i butikken. Pris blei vi også samde om, og eg skulle få melding då uret var reparert.

Vel ein månads tid seinare fekk eg melding på mobiltelefonen: «Uret er ferdig, du kan hente det når det passar.» Så det blei ny tur til Nordfjordeid for å hente sølvuret, reparert og pussa så sølvet skein, visarane tikka og gjekk, og eg var meir enn glad. Sølvkjeda hadde eg i mellomtida levert inn til reins og pussing hjå gullsmedforretninga på Sandane. Igjen var sølvuret frå tippoldefar Ludvigsen i like god stand som då eg fekk det til jul for vel seksti år sidan.



 

ETTER SOM ÅRA GJEKK kom det ikkje fleire julebrev frå Faleide. For både Anne og Rakel kravde alder og sjukdom sitt. Dei fekk plass på sjukeheimen i Innvik. Også i sine siste leveår fekk dei bu saman, på same rommet. Besøk var dei glade for å få, og som tidlegare var det Rakel som førte ordet. Anne heldt seg litt i bakgrunnen, akkurat som i gamle dagar. I 1965 vart den vesle stova i Pertunet riven, flytta til Rygg og bygt oppatt på Sande, ferdig til innflytting i desember same året.

Og korleis gjekk det så med sølvuret mitt frå tippoldefar? I dag er det kome vel fram til neste generasjon, i god stand, med skinande sølvkjede og original av julebrevet skrive i 1955 av Rakel-moster på Faleide. Med ei slik klokke frå tipp-tippoldefar har eg, lik Rakel-moster, minna om …..at det er tipp-tippoldefar du arvar den etter, og du får ikkje lov å bytte eller selje den nokonsinne!

 



 

Faksimile av julebrevet frå Rakel-moster, desember 1955. 
Faksimile av julebrevet frå Rakel-moster, desember 1955. 
Inskripsjonen «Erindring fra Bestefar» blir eit band til generasjonar tilbake. Inskripsjonen «Erindring fra Bestefar» blir eit band til generasjonar tilbake.