Lyset har mykje å seie for fargen på lakselus. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Sollyset gjer lakselusa mørkare

Lyse og gjennomsiktige lakselus er observert fleire stader langs kysten dei siste åra. Faren er at lusa utviklar seg slik at reinsefisken, som et lakselus av laksen i merden, ikkje lenger kan sjå den gjennomsiktige lakselusa.

Forskarar ved Havforskingsinstituttet og Lakselussenteret ved Universitetet i Bergen har no gjort ulike forsøk for å finne ut om lakselusa har tilpassa seg den auka bruken av reinsefisk ved å bli meir gjennomsiktig, eller om den lyse fargen kjem av andre ting i miljøet.

­– Mykje tyder på at det er sollyset som påverkar fargen på lakselusa. Dette er noko vi ser hos andre artar av hoppekreps også, seier HI-forskar Tina Oldham på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

På same måte som vi menneske blir brune av å vere i sola, blir altså lakselusa mørkare i fargen når ho har vore eksponert for meir sollys.

I merdane oppheld laksen seg sjeldan nær overflata over lengre tid, og lysintensiteten blir mindre jo djupare fisken sym.

– I dei siste år har oppdrettarane byrja å ta i bruk ny teknologi som senkar fisken djupare ned i vatnet for å unngå at laksen oppheld seg øvst der det er flest lakseluslarver. Dette er også faktorar som kan føre til at lakselusa blir lysare og mindre pigmentert fordi dei er lenger vekke frå det sterke sollyset ved overflata, seier Oldham.

Det er derimot nødvendig med meir forsking for å kunne måle om det er ei endring på gang.

– Basert på forsøka som no er gjort kan vi seie at lyset har mykje å seie for fargen, men vi ser også at det er ei moglegheit for at endringa er genetisk. For å forstå om lusa verkeleg er i ferd med å bli meir gjennomsiktig må vi dokumentere korleis lusene ser ut i dag under ulike forhold, og vi må vite kva gen hos lakselusa som bestemmer kor synleg den er for reinsefisken, seier Tina Oldham.

(©NPK)