Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har ingen grunn til å vere fornøgd med den siste meiningsmålinga frå NRK og Aftenposten. Det ville vore eit klart borgarleg fleirtal på Stortinget viss dagens partimåling hadde vore valresultatet. Foto: Cornelius Poppe/NTB/NPK.

Solid borgarleg fleirtal i ny partimåling

Høgre ligg stabilt høgt medan både Ap og SV går tilbake i ei ny partimåling. Det er framleis eit solid borgarleg fleirtal på Stortinget.

På målinga som er utført av Norstat for NRK og Aftenposten, får Høgre 26,5 prosents oppslutning og er framleis det soleklart største partiet i Noreg. Partiet går tilbake med marginale 0,3 prosentpoeng, som er godt innanfor feilmarginen.

Frp går fram med 2,2 prosentpoeng til 14,3 prosent og har den største framgangen på målinga. Venstre endar opp med 0,6 prosentpoeng til 6,6 prosent, og pustar regjeringspartiet Sp i nakken. På VGs måling tysdag var Venstre større enn Sp, men på Norstats måling får Sp 6,8 prosent, fram med 1,1 prosentpoeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarpartiet slit framleis og får ei oppslutning på 17,8 prosent, tilbake med 1,6 prosentpoeng frå januarmålinga. SV går mest tilbake med 1,9 prosentpoeng og får ei oppslutning på 9,5 prosent.

Aps nestleiar Tonje Brenna kallar målinga for «ei klar tilbakemelding frå folk», ifølgje Aftenposten.

KrF ligg på staden kvil og framleis solid under sperregrensa med dei 3,7 prosentane sine.

Hadde målinga vore valresultat, ville Høgre, Frp, Venstre og KrF fått totalt 90 mandat på Stortinget på målinga. Det er heile 22 fleire enn dei har i dag, og det med eit KrF som ligg klart under sperregrensa. Ap og Sp ville mista høvesvis 13 og 14 mandat.

Oppslutninga til resten av partia (med endring frå januar i parentes): Raudt 5,3 (+0,4), MDG 3,6 (+0,3), INP 2,6 (-0,7), Andre 3,3 (0).

Feilmarginen ligg på mellom 1,2 og 3,2 prosentpoeng. (©NPK)