Statsminister Erna Solberg seier Noreg for første gong legg fram konkrete verkemiddel for å nå klimamåla. Arkivfoto: Berit Roald/NTB/NPK.

Solberg: – Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga

Statsminister Erna Solberg (H) seier Noreg skal kutte klimautsleppa, ikkje utviklinga fram mot 2030.

– Regjeringa vil kutte utslepp på ein måte som omstiller Noreg til å bli eit lågutsleppssamfunn, og få grøn og berekraftig vekst. Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Økonomisk vekst og verdiskaping er ikkje eit hinder for å nå dei norske klimamåla, det er faktisk ein føresetnad, sa statsministeren på ein pressekonferanse fredag om den nye klimaplanen.

Noreg har forplikta seg gjennom Parisavtalen til å kutte utsleppa fram mot 2030.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I dag legg vi fram ein klimaplan som viser korleis regjeringa vil nå dei norske klimamåla for 2030. Dette er den første klimameldinga der vi legg fram konkrete verkemiddel for å følgje opp dei måla og forpliktingane vi har, sa Solberg.

(©NPK)