Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) understreka på pressekonferansen om koronasituasjonen måndag at det er viktig å møte opp til vaksinasjon, og at dette bør vere prioritet nummer éin no. Foto: Gisle Oddstad/NTB/NPK.

Solberg: – Vaksinasjon bør vere prioritet nummer éin

Å møte opp til vaksinasjon bør vere prioritet nummer éin no, meiner statsminister Erna Solberg (H).

På pressekonferansen måndag understreka ho at dei fleste kommunane prøver å vere fleksible slik at ein kan ha noko valfridom når det gjeld vaksinetidspunktet, men at det ikkje bør vere tvil i om kva som er viktigast.

– Den viktigaste bodskapen er at vaksinasjon no bør vere prioritet nummer éin. Det er viktig for deg, det er viktig for Noreg, og det er viktig for dei med nedsett immunforsvar, som kan bli sjuke sjølv etter vaksinasjon, då vaksinen ikkje gir 100 prosents immunitet, understreka statsministeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helseminister Bent Høie (H) poengterte at det er viktig å møte opp til vaksinasjon, ettersom det er svært arbeidskrevjande for kommunane å booke om til ny time.

(©NPK)