Statsminister Erna Solberg (H) heldt sin halvårlege pressekonferanse i Parkveien i Oslo fredag. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Solberg takka landet for koronainnsatsen

Statsminister Erna Solberg (H) takka Noreg for innsatsen som har vore gjort under koronakrisa, då ho innleidde sin halvårlege pressekonferanse fredag.

– Vi har vorte sette på ei stor prøve. Vi har kontroll på smitten. Vi opnar samfunnet igjen etter planen vi la i mai. Eg takkar heile Noreg for innsatsen som har vore gjort i denne vanskelege tida, sa statsministeren i strålande sommarvêr i hagen utanfor representasjonsbustaden til regjeringa i Parkveien i Oslo.

Ho snakka om ei tid prega av alvor og ein pandemi som har stengt byar og land over heile verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre familiar har vore særleg hardt ramma og sit att med tomrom som ikkje kan fyllast. Eg sender dei varmaste tankane mine til alle som har mista familie eller vener til sjukdommen, sa Solberg.

(©NPK)