Solberg seier det er for tidleg å seie korleis 17. mai-feiringa blir
Med 17. mai litt over éin månad unna er det framleis for tidleg å seie korleis nasjonaldagen kan bli feira, seier statsministeren.
– Kva rammer som vil gjelde for 17. mai, er det for tidleg å ta stilling til no, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho presenterte gjenopningsplanen for Stortinget onsdag.
Ho seier at regjeringa vil komme tilbake i siste halvdel av april med nærare informasjon om råd og tilrådingar for feiring av nasjonaldagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når det gjeld rammer for festivalar, konsertar og andre arrangement gjennom sommaren, vil regjeringa komme tilbake til dette tidleg i mai, seier statsministeren.
(©NPK)