Arkivfoto: Erik Thorberg, NTB/NPK.

Søkeordet «småbruk» mest populært på Finn eigedom

«Småbruk» er det ordet det har vore søkt på flest gonger under kategorien eigedom hos salstenesta Finn.no i 2020.

«Småbruk» var òg det mest søkte ordet i 2019, skriv Nationen.

Totalt var «småbruk» det niande mest søkte ordet på Finn i 2020. Det er spesielt i Innlandet og Møre og Romsdal at ordet hamnar høgt oppe på statistikken.

Aller øvst på søketoppen totalt, ligg «sofa», «sykkel», «hagemøbler», «spisebord», «Rolex», «kommode», «TV» og «skrivebord». «Norgesferie» var òg eit svært populært ord. At mange ønskte seg ei hytte, kjem òg tydeleg fram, og «hytte» var på topp ti-lista på Finn eigedom.

– Etterspurnaden etter å leige hytte auka massivt og generelt gjekk søka på norske destinasjonar opp med 42 prosent på FINN reise i år, målt mot i fjor. Hytte på Sørlandet og på fjellet var favorittar sommaren 2020 viser tala våre, seier kommunikasjonsrådgivar i FINN, Linda Glomlien, i ei pressemelding.

Søkeordet «hund» har òg vore eit populært søkeord, og hamna på topp ti-lista i Rogaland og Troms og Finnmark.

(©NPK)

Søkeordet «hund» hamna på topp ti-lista over søkeord på Finn i Rogaland og Troms og Finnmark. Foto: Kirsten Offerdal/NPK.