Namna følgjer trendar og tradisjonar i Noreg. Foto: Robert Schlesinger/NTB Scanpix/NPK.

Sofie og Jakob vart mest brukte babynamn i 2017

Sofie toppar Statistisk sentralbyrås namnestatistikk for jenter i fjor, mens Jakob vart årets gutenamn. 


I alt fekk 412 jenter namnet Sofie eller Sophie i fjor, mens 424 gutar vart kalla Jakob eller Jacob.


Med ulike former for Sofie og Jakob på topp blir namnevinnarane – og Skam-namna – Nora og William skyvde ned frå topplasseringa i 2016 til høvesvis 2. og 6.-plass i 2017 på SSBs statistikk.


– Både Sofie og Jakob har ei klassisk popularitetsutvikling for namn, seier seniorrådgjevar Jørgen Ouren i SSB, som har ansvaret for namnestatistikken.


I ei pressemelding illustrerer han dette ved at Sofie og Jakob var svært populære rundt år 1900, før dei gjekk nesten heilt ut av bruk, for så å komme langsamt tilbake.



Held stand

Dei populære jentenamna er framleis korte, dominert av fleire vokalar og sju av topp ti-namna endar på A. Nora, Emma, Sara og Ella følgjer bak Sofie. Det einaste som skil seg litt ut, er prinsessenamnet Ingrid, på 10.-plass. Dei ti mest brukte jentenamna i fjor er dessutan dei same som topp ti i 2016.


Også lenger ned på lista florerer dei korte jentenamna med a-endingar.


Blant smågutane er det dei bibelske namna som enno held stand. Etter Jakob følgjer Lukas, Emil, Oskar og Oliver, men også Filip og Noah held seg i toppen. To namn som lenge har vore med i teten, Mathias og Aksel, er skyvde ned til 14. og 12.-plass, til fordel for Elias og Isak, også dei bibelske namn som lenge har vore populære og no kjem sterkt tilbake.



Tradisjonar

Det er store regionale forskjellar når det gjeld kva namn som er mest brukt. Som vanleg tronar Mohammed i ulike skrivemåtar på topp i Oslo, men er nummer 24 for heile landet. William, som har gått sterkt tilbake på landsbasis til nummer 6, er framleis på topp i Akershus og Sogn og Fjordane.


– Sjølv om Jacob er det mest brukte gutenamnet totalt i Noreg, er det berre i fylka Hordaland og Troms namnet tronar øvst på lista, seier Ouren.


Jonas, som er nummer 15 landsbasis, toppar i Buskerud og Telemark.


På jentesida er Sofia, som i 2016, på topp i Oslo, med landsvinnar Sofie heilt nede på 20.-plass. Mathilde toppar i Vest-Agder, Vilde i Sogn og Fjordane og Aurora i Finnmark.


Over halvparten, 51,5 prosent, av barna får mellomnamn. Her er favorittane dei same som i 2016.


Sofie/Sophie er mest populære andre fornamn, framfor Marie. Den mest brukte namnekombinasjonen i fjor var Emma Sofie. Alexander/Aleksander toppar igjen gutelista over andre fornamn, før André. Den mest brukte gutenamnkombinasjonen var i fjor Liam Alexander.


 

 

Inger Lise og Oddmar Drage var dei første som køyrde om bord i den nye el-ferja på sambandet Anda - lote.
Sjøaurefisket i Gloppeelva er ikkje som det ein gong var, men situasjonen er den same stort sett i heile fylket.