Svinestranda. Arkivfoto.

Snøskred ved Svinestranda

Søndag ettermiddag gjekk det eit snøskred ved Svinestranda i Nordstrandsfjella i Gloppen.

Skredet blir anslått å vere kring 60 meter breitt.

Det er Midtre Nordfjord Turlag som melder dette på Facebook-sidene sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Området kring Svinestranda er mykje nytta til turar både sommar og vinter, og det fine vêret i helga gjorde at mange var på ski i fjellområdet.