Snøras på Hjelle
Det var rett etter kl. 15.00 at politiet melde om eit ras som hadde gått over vegen ved Hjelle i Breim. Raset er om lag 100 m breitt og nokre meter høgt.
Naudetatane vart sende til staden, men politiet melder at ingen er meldt sakna og at alle bebuarane i området er gjort greie for. Vegen til øvre Hjelle er stengd og det vil heller ikkje bli gjort noko for å opne den før i morgon.
Ikkje evakuering
På spørsmål om det er på tale med evakuering av husa på Hjelle, er svaret nei. Situasjonen blir sett på som trygg for busetnaden på staden.
- Evakuering har vore vurdert. Det blir ikkje sett på som nødvendig å evakuere no, men dette blir evaluert kontinuerleg etter som vêret eventuelt blir endå verre, seier innsatsleiar i politiet, Øystein Russenes.
Då meldinga om raset kom, vart det slege full alarm og mannskap både frå Raude Krossen, brann, politi, helse og redningshundar vart kalla ut.
- Vi kalla ut skredgrupper frå Stryn og Sogn, opplyser Russenes.
Gloppen kommune har fysisk sperra vegen ved rasstaden.
- Han blir stengd til i morgon - minst, opplyser innsatsleiaren.