Laurdag 5. september blir første laurdagen i landet med opne utsal til klokka 16 hos Vinmonopolet. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Snart lengre laurdagsope hos Vinmonopolet

Laurdag 5. september blir første laurdag i landet med opne utsal til klokka 16 hos Vinmonopolet.

I alt 188 pol held laurdagsope frå denne dagen, dei andre følgjer etter i desember og mars neste år.

Samtidig som Stortinget endra rammene for opningstida til Vinmonopolet i juni, fekk Folkehelseinstituttet (FHI) i oppdrag av Helsedepartementet å evaluere dei eventuelle verknadene av denne opningstidsendringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å sikre FHI og styresmaktene ein mest mogleg effektiv og presis evalueringsmetode, blir endringa fasa inn puljevis blant butikkane til Vinmonopolet.

Den første puljen omfattar mellom anna alle butikkar i Oslo, Bergen, Trondheim, Bodø og Tromsø.

Neste pulje på 72 butikkar følgjer 1. desember. Dei siste 75 butikkane justerer laurdagstidene frå 1. mars neste år.

– Bakgrunnen for avgjerda til Stortinget var endra handlevanar i befolkninga. Folk handlar stadig seinare laurdagar, og mange av butikkane til Vinmonopolet – særleg i byane – stengjer når dei er fulle av kundar, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet til NTB.

Med tanke på faren for koronasmitte, vil utvida opningstid laurdag truleg òg redusere køane.

(©NPK)