Snart kjem cowboyane
I morgon opnar portane for dei som har førehandsbestilt campingplass til Norsk countrytreff i Breim. Torsdag kjem resten og dette er også dagen for festivalstart.
-Vi håpar og trur på fint vêr og at det blir ein triveleg festival, seier Arve Kleppe som lovar mykje god musikk dei tre dagane det heile går føre seg.
Sterk artistliste
Det blir rikeleg høve til å oppleve countrymusikk både seint og tidleg under årets countrytreff. Artistane kjem i hovudsak frå Noreg, men dei to som spelar på hovudscena laurdag, er begge frå countryen sitt heimland, USA.
- Daryle Singletary spelar det som må kallast tradisjonell country medan
- Sweethearts of the Rodeo er ein søsterduo som held seg melodiøs balladeliknande musikk inspirert av mellom anna Emmylou Harris. I tillegg får vi høyre den amerikanske bluegrassgruppaThe Larry Stephenson Band som spelar i Kolbeins saloon. Der spelar også Longhorn (NOR),Crashville (NOR , Bakersfield (NOR), Roy Lønhøiden (NOR), Tina Refsnes (NOR)Cindy Kvinlaug (NOR)G.Thomas (NOR), O.J Hanssen (NOR), Branson (NOR), The Larry Stephenson Band (USA), Longhorn (NOR), GammalGrass (NOR)Rotlaus (NOR)
Opningskonserten i Frislidlada kan skilte med bluegrass med gruppa Gladgrass. Den er samansett av to svært kjende artistar som begge har lang og allsidig erfaring frå mange sjangrar. Ola Kvernberget er mest kjend som jazzfiolinist, medan Stian Carstensen er multitalentet som spelar på dei fleste strenger, i tillegg til trekkspel. Kvernberget har vore å sjå to gonger på Jazz på Jølst, medan Carstensen har vore på Skeitreffen fleire gonger.
Men det som er litt spesielt i år er at to store trekkplaster spelar på same kveld. Både Vassendgutane og Hellbillies blir å sjå og høyre på hovudscena fredag kveld.
Gatemusikk og kyrkjekonsert
Tradisjonen tru blir det også i år gratiskonsertar i sentrum både på Sandane, Reed og Byrkjelo. Det som blir kalla festivalen sitt flaggskip, kyrkjekonserten, går av stabelen i Breim kyrkje laurdag og det blir gratiskonsertar på eldreinstitusjonane i Hyen, på Sandane og på Byrkjelo.
Med andre ord, litt for ein kvar smak og for alleakldersgrupper.