Foto: Peder Skjelten/NPK.

Snart blir eplehausten digital

Med kunstig intelligens og eit system for ansiktsgjenkjenning skal bøndene i framtida kunne overvake epletrea frå mobilen.

Fruktnæringa og Universitetet i Søraust-Noreg (USN) går no nye vegar for å gjere jobben som eplebonde meir attraktiv, skriv NRK Vestfold og Telemark.

Eitt enkelt tre, blant 5.000 artsfrendar i frukthagen på Gvarv, blir no overvaka døgnet rundt av ekspertar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit kamera sender jamleg over bilete, som skal hjelpe forskarane med å analysere utviklinga til frukta frå kontoret.

– Vi kan følgje eit eple frå det er kart til det er fullvaksent. Då kan vi òg sjå på fargeforandringar, og kor mykje det veks gjennom ein sesong, seier Christian Hovden, universitetslektor ved USN.

Den erfarne eplebonden Erik Aarnes har stor tru på at digitale løysingar kan fungere godt som hjelpemiddel i eplehagane i framtida.

(©NPK)