Smitteutbrotet i Førde aukar

13 nye smittetilfelle vart i går oppdaga i Sunnfjord kommune. Dermed er totalt 23 smitta og 300 sett i karantene ifølgje kommuneoverlege Øystein Furnes.

Ifølgje Helse Førde vart det analysert 312 prøver i går og av desse var altså 13 positive. Kommuneoverlegen knyter fire av tilfella til eit klatresenter, resten er nærkontakter, seier han til NRK.

Klyngesmitte

– Vi har ei såkalla klyngesmitte og kommunen er på nivå to når det gjeld smittevern. Vi held derfor i hovudsak fram med det same regimet som før, og med dei same nasjonale råda som før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje tale om større endringar eller nedstengingar, men det blir bli gjort nokre, konkrete tiltak. For eksempel vil politiske møter vil bli avvikla digitalt framover, skriv ordførar Olve Grotle.

Smitteutbrotet i Førde aukar.