Smitteutbrot av omgangssjuke

Det har brote ut smitte av omgangssjuke på Gotatoppen på Sandane, og kommunen stenger for besøk til avdelingane Bregnetunet, Lyngtunet og Plassen for å få kontroll på situasjonen.

– Vi har eit utbrot av omgangssjuke på Gotatoppen, og med tanke på koronasituasjonen og helsepersonellressursane har vi sett oss nøydde til å ta ekstra grep. Vi har ikkje råd til at mange kan bli slått ut av fleire sjukdomar på same tid, seier Leidulf Gloppestad.

Stenger for besøk

Han opplyser at alle dei sjuke er isolerte, og at tilsette som har vore i kontakt med dei smitta ,er omplassert slik at dei ikkje er i kontakt med friske bebuarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å unngå ei vidare spreiing av smitten, ser vi oss nøydde til å stengje for besøk til Bregnetunet, Lyngtunet og Plassen i ein periode. I «vanlege» tider ville vi kanskje ikkje tenkt så mykje over dette, utover vanlege prosedyrar, men det er frykteleg smittsamt. Difor er det viktig å sikre oss at vi har kontroll på situasjonen, seier han og legg til:

– Helsevesenet vårt vil få problem med å handtere utbrot av fleire sjukdomar på same tid, difor er vi ekstra på vakt og føre var.