Smårusk på Kjøs

Statens vegvesen gjennomførte lett- og tungbilkontroll på Kjøs natt til onsdag.

Ein førar fekk advarsel grunna montert innretning på utløysar til svingskive.

– Det var montert eit tau som forlengar på utløysararmen til svingskiva. Dersom dette kjem mellom hjula, kan det opne låsen på svingskiva, og gjere at tilhengaren losnar frå bilen, skriv vegvesenet i rapporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit køyretøy hadde ikkje montert underkøyringshinder etter krava, og måtte ordne dette før han fekk køyre vidare.

Ein sjåfør måtte fjerne gjenstander i frontruta (siktsona) før han fekk forlate kontrollplassen.