– Her storkosar vi oss, seier Torine Langeteig (i midten framme). Den nye klatreparken på Myklebustflata er blitt svært populær.

Små og store kosar seg i klatreparken

– Klatreparken er fargerik, fin og morosam. Det er kjempeartig å vere i han, seier Torine Langeteig (9). Ho var ein av mange som møtte opp for å vere med på opninga av klatreparken i Sandane idrettspark laurdag.

Laurdag inviterte Sandane turn- og idrettslag til 4. divisjonskamp, knøtteavslutning og landskamp på storskjerm inne i fotballhallen. Men superlaurdagen baud også på opning av den nye klatreparken i Sandane idrettspark.

Nyleg ferdigstilt

Stig Svalheim er leiar for barneidretten i STIL, som er prosjekteigar for barneanlegga i idrettsparken.

– Vi tykte dette var eit fint høve til å opne klatreparken. Anlegget er nyleg ferdigstilt, og gjennom opningsseremonien ønskjer vi å gjere ære på dei som har bidrege til å realisere dette prosjektet, seier han.

Idrettslaget har hatt eit mål om å leggje til rette for ulike aktivitetar i idrettsparken.

– Det er ikkje alle som har lyst til å spele fotball heile tida. Då er det kjekt å ha eit variert tilbod av aktivitetar. For kring tre år sidan sette vi opp ei Tarzan-løype på nordsida av kunstgrasbana. Ingolf Aagaard er ei eldsjel og har bidrege i søknadsprosessen knytt til klatreparken. Med spelemidlar og støtte frå Sparebankstiftinga var vi langt på veg sikra finansiering av det anlegget som no er kome opp, seier barneidrettsleiaren.

Les heile saka i papirutgåva måndag.