Sluttspurten rakk ikkje heilt inn

GHK står framleis berre med to sigrar. Fredag kveld vart det eit nytt tap.

Fredag kveld midt i "Pizza-tida" gjesta Voss Trivselshallen for møte GHK sitt damelag i tredje divisjon. Derfor følgde berre rundt 30 tilskodarar kampen.

I utgangspunktet var det rekna med ein jamn kamp mellom to lag som begge så langt er plassert midt på tabellen.

Og det vart eit jamt oppgjer, men gjestane var kvassast og drog gradvis i frå, anført av tidlegare GHK-spelar Ingunn Reikvam Ravnestad. Ved pause var stillinga 11-15. Den avstanden greidde GHK berre nesten å hente inn att. På det meste var Voss i føringa med fem mål. Det greidde GHK å redusere til berre to mål åtte minutt før slutt, men så gjekk det feil veg igjen for heimelaget, og sluttresultatet vart 26-31

Gledeleg for heimelaget var at Ragnhild Ryssdal var tilbake og markerte seg sterkt i kampen. I tillegg er Bodil Hjelmeset på god veg til å finne tilbake til tidlegare takter. Førstnemnde noterte seg for åtte mål, der tre var på straffer, medan sistnemnde sette inn sju spelemål. Også Heidi Merete Sægrov markerte seg med seks mål.