Redningskøyta rykker ut. (Illustrasjonsfoto)

Skulle hjelpe, måtte sjølv ha hjelp

Alle vart redda i land, men ein fritidsbåt gjekk til botn i Vågsvågen tysdag kveld.

Ein fritidsbåt med tre personar om bord fekk problem, og ein annan reist ut for å hjelpe. Også denne fekk motorhavari, og til slutt var det redningsskøyta og Kystvakta som tok dei fire personane og den eine båten i land.

I Høyanger tok ein førarlaus bil laust og trilla over eit fortau og stoppa i ein mut. Bilen fekk store skader, men ingen personar vart involvert i hendinga. Politiet har oppretta sak.

Ein mann i 60-åra mista førarkortet etter å ha køyrt 88 km/t gjennom 60-sona i Olden tysdag ettermiddag. Elles gjekk UP sin fartskontroll godt for dei andre førarane som passerte.

I Lærdal fekk fire førarar forenkla førelegg i ein fartskontroll i 80-sona på E16 gjennom Bjørkum. Høgste fart var 93 km/t.

I Førde hadde politiet to ruskontrollar tysdag kveld. Alle dei 68 kontrollerte fekk køyre vidare. I Kaupanger gjekk det like bra med dei 53 som måtte blåse der, men her fekk to førarar gebyr for å ikkje ha med førarkortet, og ein vart meldt for ikkje å ha førarkort.

På Mannheller vart ein mann i 60-åra stoppa fordi han hadde for brei last på hengaren. Han fekk køyreforbod, og sak er oppretta, melder politiet.

I Bremanger erkjente ein mann i 60-åra tysdag føremiddag å ha køyrt utan gyldig førarkort, og å ha urinert på offentleg stad.