Skulen på Mo er stengd

På grunn av at ein av elevane på Mo og Øyrane vgs avdeling Mo i går fekk påvist koronasmitte, har skulen stengt ned i dag.

– Det er påvist ein sikker og ein truleg smitte blant elevane som bur på internatet ved Mo, opplyser Sunnfjord kommune på heimesida si.

Jordbruksskulen på Mo er stengd og elevar og tilsette i karantene.

Alle i karantene

Elevane har ikkje vore på avdeling Øyrane. Dei det gjeld er mogleg smitteførande frå måndag denne veka. Alle elevar og tilsette ved avdeling Mo er inntil vidare sette i karantene, og vert testa i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittesporinga har ut over skulemiljøet berre identifisert eit fåtal nærkontaktar, som er kontakta og sette i karantene.

– Vi ventar no på vidare prøvesvar, og vurderer situasjonen til å vere rimeleg godt kontrollert, skriv kommunen.