Illustrasjonsfoto frå etableringa av Reko-ringen Gloppen.

Skuldar på Facebook for nedgang i sal av lokale varer

Ein får opp mindre reklame om lokalprodusert mat på Facebook enn før. No må ein sjølv oppsøkje dei for å finna aktørar.

– Det har utan tvil hatt innverknad på folk, fordi dei gløymer at vi finst, seier Irene Dalland til NRK. Ho jobbar med Reko-ringane for Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Reko-ringen, som står for Rettferdig konsum, er ein salsmarknad der kundar kan finne varer frå lokale bønder og småbrukarar i nærleiken via Facebook. Men no er det blitt vanskelegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi såg ei markant endring då dei la om algoritmane sine for ei tid tilbake, seier Dalland.

Tidlegare fekk kundane Reko-ringane rett inn i nyheitsstraumane sine. Den nye algoritmeendringa gjer at ein no må oppsøkje gruppene sjølv. Dalland meiner dette har påverka salet negativt. Folk hadde òg betre tid til å bla seg gjennom appen under pandemien. No som livet har vendt tilbake att, trur ho at det òg har hatt noko å seie.

– Å handle gjennom Reko krev litt av kunden. Du må skaffe deg oversikt over det som er tilgjengeleg, hugse kor mykje du har bestilt og møte opp. Folk har det travlare no.

Om kundar har lyst på egg frå den næraste garden, må dei sjølve oppsøkje sin lokale Reko-ring. Dei får han ikkje inn i nyheitsstraumen slik som tidlegare. Foto: Kari Hamre/NPK.

Ifylgje sjeføkonom i Sparebanken Møre, Inge Furre, er endringa i tråd med det ein ser i butikkane elles. Mat- og drikkeinnkjøp har stupt den siste tida.

– Kjøpekrafta er blitt svekt av høg inflasjon og renteoppgang, så det er naudsynt for mange å vera meir nøysame i 2023, seier Furre. (©NPK)