Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Skogen veks mest i vest

Kvart år blir det meir tømmer i norske skogar, og grantrea på Vestlandet veks særskilt raskt, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).


Dei siste 15 åra har mengda ståande tømmer i norske skogar auka med ein tredjedel. Tala er henta frå utrekningar for takstperioden 2013–2017 og viser at det står 964 millionar kubikkmeter tømmer i skogane. 859 millionar kubikkmeter av dette tømmeret står på produktive skogsareal, ifølgje statistikken Landsskogtakseringen til SSB.


Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har dei siste 15 år hatt ein auke i tømmervolumet på 50 prosent. Skilnadane mellom regionane er store. Dei skogrike regionane som består av Oppland, Buskerud og Vestfold, har hatt ein auke på til saman 21 prosent


Skilnadane er endå større om ein ser på dei ulike treslaga. Veksten av lauvtre og furu er nokså lik i heile landet, men grana skil seg ut. I dei fire vestlandsfylka har granskogen auka med heile 93 prosent i 15-årsperioden, medan grantreveksten i Oppland, Buskerud og Vestfold har auka med 17 prosent. Årsaka til den store veksten i vest er at grana i mange av skogreisingsområda har stor tilvekst, fortel SSB. (©NTB)