Sigurd Reksnes. Arkivfoto.

Skjermar kultursektoren

Finansutvalet i fylkeskommunen har i dag styrka kultursektoren gjennom å auke tilskota til kulturproduksjon og til Gulatinget.


– Dette er viktig for identiteten til fylket, seier gruppeleiar i Senterpartiet, Sigurd Reksnes og held fram:

- Det er positivt at vi sjølv i tronge tider finn rom til ikkje å gjennomføre kutt i kultursektoren.

Det er fire aktørar som no får auka tilskotet sitt til kunstproduksjon. Desse er Sogn og Fjordane Teater, Opera Nordfjord, Norsk Countrytreff og Førdefestivalen.

Det var foreslått kutt på til saman 200.000 kroner som no ikkje vert gjennomførte.

– Det er viktig for Senterpartiet at desse kulturinstitusjonane kan utvikle seg på ein positiv måte til glede for eit stort publikum, seier Reksnes.

Han er også glad for at ein fann midlar til Gulatinget:

– Dette er tusenårsstaden til Sogn og Fjordane, og det er viktig at vi bidreg til at prosjektet kan utvikle seg vidare framover.

- Det er ikkje dei store pengane som går til kultur, men dei midlane dei får vert nytta på ein god og positiv måte til glede for både innbyggjarane i fylket og ei stadig aukande reiselivsnæring, konstaterer Sigurd Reksnes.