Skarsteinshuset skal renoverast. Arbeidet vil starte opp i nær framtid.

– Skarsteinshuset skal bli ei perle i sentrumsbiletet

– Skarsteinshuset er eit praktbygg. No skal vi ruste bygget opp og samle alle avdelingane under same tak, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.


I om lag 20 år har redaksjonen og marknadsavdelinga i Firda Tidend halde til i det ærverdige Skarsteinshuset midt i Sandane sentrum, medan administrasjon og grafisk avdeling har halde til i Bukta. No er tida inne for ei mellombels omlegging.

Stasbygg

Skarsteinshuset er ein av dei eldste trebygningane på Sandane. Første etasje vart bygd i 1884, og i 1904 vart det påbygd slik det står i dag.

– Skarsteinshuset er eit staseleg bygg som vi verken vil eller kan endre utsjånad på, seier Aadne Gloppestad.

Derimot er det behov for ei standardheving både utvendig og inne. Ikkje minst har styret vedteke å samle alle avdelingane under same tak.

– All fornuft tilseier at vi ikkje treng to lokale. Som mediebedrift ønskjer vi å vere i sentrum. Reint praktisk er det fornuftig å flytte ut medan opprustinga skjer. Vi håpar å vere tilbake på Sandane i løpet av oktober, seier Gloppestad.

Tysdag flytta derfor redaksjonen og marknadsavdelinga tilbake i Bukta. Her held administrasjonen til saman med grafisk avdeling. I same bygget stod også rotasjonspressa, men no skjer trykking av avisa i Førde.

Som ei perle

Aadne Gloppestad slår fast at Skarsteinshuset skal framstå som ei perle i sentrumsbiletet etter opprustinga.

– Fasaden blir som før. Han er stort sett intakt frå 1904. Fargen på bygget vil vi tilbakeføre til det som var opphaveleg, med litt mørkare veggfarge og raude vindaugsrammer, fortel han.

Innvendig vert det tilrettelagt for publikum med universell utforming i første etasje. Her kjem også kontor og fellesrom. I andre etasje blir det hovudsakleg kontor, medan deler av tredje etasje vert arkiv. I grove trekk vert rominndelinga som før.

I tillegg vert det montert ventilasjonsanlegg og eit nytt varmeopplegg for å sikre eit godt innemiljø.

Vil selje

Arbeidet med Skarsteinshuset vil starte opp i nær framtid.

– Kva skal skje med bygget i Bukta?

– Planen er at vi skal selje denne eigedomen når opprustinga av Skarsteinshuset er gjennomført, seier Aadne Gloppestad.

Han vedgår at opprustinga av bygget er ei betydeleg investering.

– Men vi har eit bygg å selje, peikar han på.

Arbeidsstokken i Firda Tidend er redusert i takt med innføring av ny teknologi dei siste åra. I dag er det ni tilsette.