Harald Even Fosse (til v.) og Svenn Finden under signering av kontrakt om utbetring av Riksvegen mellom Leikanger og Sogndal. Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen.

Skal utbetre riksvegen mellom Leikanger og Sogndal

Riksvegen mellom Leikanger og Sogndal, nærare bestemt Bondeviki og Fardal, skal utbetrast, fortel Statens Vegvesen.

Ein kontrakt om utbetring av riksvegen mellom Leikanger og Sogndal vart signert fredag. Arbeidet skal starte i andre halvdel av september.

Kontrakten vart signert av avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen og dagleg leiar i Fosse Maskin og Transport AS, Harald Even Fosse. Firmaet er frå Vik i Sogn og vann kontrakten med ein pris på dryge 60 millionar kroner, skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utbetring av strekninga er eit prosjekt vi har venta på lenge. Vi har mellom anna problem med mykje isdanning i vegskuldra vinterstid på grunn av vatn som sig ned frå terrenget over. Vi får også jamna ut svingar, skifta ut dårlege massar og vi får ei breiare skulder for dei mange syklistane som ferdast her. Totalt sett blir det ein sikrare og betre veg, seier Svenn Finden.

(©NPK)