Andreas Eikeseth Nygjerd ser fram til kjekke, men hektiske dagar under Førdefestivalen. Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd.

Skal lage festivalutstilling

Andreas Eikeseth Nygjerd og Oddleiv Apneseth skal fotografere artistar og instrument under Førdefestivalen 3.-7. juli . – Eg ser fram til utstillinga og håpar det blir eit fint supplement til festivalen, seier Eikeseth Nygjerd.



Etter å ha snakka om ei festivalutstilling i fleire år, får Andreas Eikeseth Nygjerd og Oddleiv Apneseth endeleg oppfylt ønsket sitt. Frå torsdag til søndag skal fotografane dagleg produsere bilete som blir å sjå på festivalutstillinga i Førdehuset.

Hektisk veke
Sandensaren Andreas Eikeseth Nygjerd skal fotografere portrettbilete av artistane, medan Oddleiv Apneseth skal ha fokus på artistane sine instrument.
– Vi fekk ein idé om ei festivalutstilling for eit par år sidan, og tenkte det hadde vore kjekt. Eg ser fram til å samarbeide med Oddleiv, han har mykje erfaring. Det blir første gong vi har eit prosjekt i lag, fortel Eikeseth Nygjerd.
Utstillinga vil vere dynamisk, då fotografane dagleg skal produsere to bilete kvar. Desse blir sende til trykk og hengde opp fortløpande.
– Bileta blir trykte i storformat, med ein storleik på om lag éin gonger éin meter. Vi får hjelp av Arve Ullebø til å trykkje bileta. Det blir gjort på folkehøgskulen i Førde. Arbeidet er tidkrevjande, så vi må rekne med ein del jobbing på natta, seier Eikeseth Nygjerd.



– Eit fint supplement
Fotografen frå Sandane fortel at det er mange spanande artistar frå heile verda på festivalen. Han ser fram til å fotografere dei.
– Artistar har ei god forståing for fotografi. Det er kjekt å fotografere spanande ansikt, ulike personlegdommar og instrument.
Han legg til at Førdefestivalen har jobba seriøst med foto på tidlegare festivalar, men då med dokumentarbilete. Det blir første gong ein ser ei slik type utstilling på festivalen.
– Eg tenkjer at utstillinga er eit fint supplement til musikken. Begge deler er jo former for kunst, så det passar godt i lag.
Å vise fotografia sine ilag med Apneseth sine, blir ei ny erfaring for Andreas.
– Vi har veldig ulike fotografiske uttrykk, så det blir spanande å få vise bileta saman. Eg trur folk synest det er kult å sjå dagsferske bileter av artistar, og håpar artistane sjølve vil like utstillinga.
Utstillinga blir å sjå i Førdehuset også etter festivalen. Etter planen skal ho vere utstilt ut sommaren.

Oddleiv Apneseth har fotografert under Førdefestivalen tidlegare og skal ni samarbeide med Andreas Eikeset Nygjerd.