AFIS-fullmektig ved Sandane Lufthamn, Ole Fosse Fardal, har fått jobb på Svalbard Lufthamn og flytter frå Gloppen. – Livet er for kort til å gro fast på ein plass, seier han.

Skal gjere teneste i verdas nordlegaste flytårn

– Du angrar mest på dei sjansane du let gå frå deg, seier Ole Fosse Fardal. AFIS-fullmektigen i tårnet på Sandane Lufthamn kastar loss og reiser til Svalbard.

Ole Fosse Fardal har vore såkalla AFIS-fullmektig i flytårnet på Sandane Lufthamn sidan 2018. No skal han snart starte på eit nytt kapittel i yrkeslivet sitt.

Ni år i Avinor

– Eg tenkte livet er for kort til å gro fast på ein plass, og det er dei sjansane du ikkje tek, du kjem til å angre på seinare i livet, seier Ole.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å vere AFIS-fullmektig i flytårna på kortbaneplassane betyr å informere fly i området om vêr og vind, rullebaneforhold og opplyse andre flygande om eventuell annan flytrafikk. Dessutan er tårnpersonellet første ledd i alarm- og redningstenesta dersom det skjer uhell og ulukker. På fast tidspunkt vert det også registret vêrobservasjonar som blir lagt inn i systemet.

Ole Fosse Fardal har vore AFIS-fullmektig i ni år og har arbeidd i tårnet på flyplassane til Avinor i Namsos, Førde og Brønnøysund tidlegare.

– Eg har ein nisjejobb og ein arbeidsgjevar som gjer at eg kan arbeide ulike stader i Noreg. Pr. i dag har eg berre meg sjølv å tenkje på. Det gjer det enklare å flytte på seg, seier Ole.

Unik oppleving

Han fortel at stilling som AFIS-fullmektig på Svalbard Lufthamn har vore utlyst også tidlegare.

– Då var det like før eg søkte, men eg var litt for heimekjær. Denne gongen var det kort søknadsfrist, og eg tok sjansen. Det er ei unik oppleving å få arbeide på Svalbard, seier han. Det ønskjer han å oppleve.

– Det er veldig mykje natur, eit spesielt lys, eit spesielt samfunn med få innbyggjarar, og langt mot nord, seier Ole. Han har også høyrt at det er eit internasjonalt miljø og godt samhald mellom dei som bur på Svalbard.

Ikkje minst er det eit spesielt dyreliv. Å ferdast fritt i naturen utan skytevåpen er ikkje lov av omsyn til at isbjørn er eit nokså vanleg fenomen.

Longyearbyen. Her skal Ole Fosse Svardal bu mens han arbeider på Svalbard Lufthamn (oppe i vestre biletkant). Rullebana er tre gonger så lang som på Sandane Lufthamn.

Større flyplass

Å bu på Svalbard betyr derfor at ein må kunne handtere eit våpen på ein trygg måte. Ole har ikkje drive jakt, men likar godt å fiske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som dreg mest, trur eg er det ekstreme; at det er den nordlegaste flyplassen i verda, mange tusen kilometer frå fastlandet, langht frå det trygge og kjende, seier Ole. Formelt tek han til i stillinga første april.

– Eg skal heller ikkje nekte for at eg får andre yrkesmessige utfordringar. Det er litt freistande. Svalbard Lufthamn har ei tre ganger så lang rullebane som her og tek i mot store passasjerfly frå fleire land, seier Ole. Dessutan er det andre og meir krevjande operative forhold så langt nord og drift heile døgnet med ei spesiell skiftordning for dei tilsette.

Når han tek til i jobben, skal han gjennom ein opplæringsperiode for å få lokal utsjekk.

– Alle flyplassar er litt spesielle. Det gjeld t.d. vêrforhold og geografi. På Svalbard er det også krav om tilleggsutdanning i meteorologi fordi flyplassen er ein del av vêrmeldingstenesta, fortel Ole Fosse Fardal.

Bryt opp

No skal han bryte opp i Gloppen. Her har han engasjert seg i lokalpolitikken gjennom SV der han er første vararepresentant til kommunestyret og vara til styret i Gloppen Energi. Det har han søkt fritak frå. Han går også av som leiar i Gloppen Nei til EU.

– Eg har berre godt å seie om Gloppen. Her er ein fantastisk natur, rikt kulturliv og kjekke folk, seier han og oppmodar glopparane til å bruke tilboda som er i kommunen. Om han sakna noko, måtte det vere fleire møteplassar om kveldane.

– Kor lenge blir du på Svalbard?

– Målet er å vere der resten av arbeidslivet, men eg har høyrt at enten trivast du, eller så gjer du det ikkje og flytter igjen, seier Ole som må venje seg til årstidene med lang mørketid og dagslys heile døgnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At eg kjem tilbake til Sandane er lite truleg, seier han som har slektsrøter i Sogn og er frå Førde.