Trøndelag var eit av fylka som vart kraftig ramma av Gyda. Her frå fylkesveg 700 sør for Svorkmo i Orkland, der vegen vart overfløymd ved avkøyringa til Skulmovegen. Foto: Ole Martin Wold/NTB/NPK.

Skadane strøymer inn etter Gyda

Hittil er det meldt om rundt 2.000 skadar etter ekstremvêret Gyda, viser førebelse tal frå Finans Norge og Norsk Naturskadepool.

I tillegg kjem skadar etter stormen som kom i etterkant av ekstremvêret Gyda.

– Tala er førebelse, og forsikringsselskapa melder om at skademeldingane tikkar inn, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekstremvêret har gitt mange flaum- og vass-skadar, medan kraftig vind og storm også har ført til ei rekkje materielle skadar på hus, hytter og næringsbygg dei siste dagane.

Det blir meldt om små og store skadar på tak, mellom anna har vinden gjort skade på driftsbygningar og drivhus.

Det er for tidleg å seie noko om kva skadane vil koste, ifølgje Neverdal.

(©NPK)