– Det har definitivt gjeve meirsmak å vere konferansier, kanskje har eg lyst til å drive med det i framtida òg, seier Sandane-jenta Solveig Djupegot før UKM-festivalen i Sandnes.

Skada seg og kunne ikkje danse – vart konferansier i staden

– Det er om å gjere å snakke i veg, stillheit funkar ikkje, smiler Solveig Djupegot. Denne veka skal ho vere konferansier på UKM-festivalen i Sandnes.

17-åringen frå Sandane har vore fast deltakar i Ungdommens kulturmønstring sidan ho var elleve år. Ho har både sunge og dansa, men slik vart det ikkje dette året.

– Først hadde eg tenkt å danse, men så skada eg foten. Då tenkte eg at eg kunne prøve noko nytt som kanskje gjev meirsmak. Det har det absolutt gjort, seier Solveig Djupegot.

Ho var konferansier under UKM i Gloppen i førstninga av mars. Innsatsen gjorde at ho var ein av fem konferansierar då fylkesfinalen gjekk av stabelen i Høyanger i månadsskiftet mars/april.

– Det må ha gått fint sidan eg vart plukka ut til landsfestivalen. Til saman skal vi vere tolv konferansierar der, fortel Solveig og legg til at ho aldri var i tvil om kva ho skulle svare då førespurnaden kom:

– Eg sa sjølvsagt ja, UKM er eit kjekt arrangement som eg likar veldig godt.

Les heile saka i papirutgåva fredag 16. juni.