Sjur Kristian Gimmestad tykte det var kjekt å spele på Malakoff, men hadde aldri vore så nervøs som då han torsdag sto framfor heimepublikumet.

SJUR tok Malakoff med storm

For ni år sidan var Sjur Kristian Gimmestad på Malakoff for første gong som gjest. Torsdag sto han på scena med artistnamnet SJUR og fekk publikum i ekstase.



Glopparen Sjur Kristian Gimmestad har hatt ein eventyrleg karriere, frå han hadde sin første spelejobb på ein russefest på Sandane for ti år sidan og til han no spelar på store festivalar og blir samanlikna med Kygo.

Nervøs på heimebane

Dagen før han spelte på Malakoff, var han i Trondheim for å delta på VG-lista, og han har vore på same arrangement både i Oslo og Bergen. På Rådhusplassen i Oslo spelte han for 50.000 menneske, men han rekna konserten på Malakoff for meir krevjande.

– På VG-lista handlar det om éin låt, her var det ein heil konsert. I tillegg handlar det om å spele for eit lokalt publikum, noko som gjev eit ekstra press. Eg har faktisk aldri vore så nervøs framfor ein spelejobb som eg var i dag. Eg hadde både familie og ein masse vener framfor scena og slikt skaper press, fortalde Sjur, etter at hundrevis av menneske hadde klappa, dansa og sunge med framfor scena i amfiet.



Frå Onkel Willy til Spotyfy

– Det var eigentleg for å kome inn på russefesten at eg tok den DJ-jobben på Willy  for ti år sidan. Etter det har det berre balla på seg, fortel Sjur, som i fjor tok eitt års permisjon, men som no har sagt opp jobben som IT-konsulent i Bergen og satsar alt på musikken.

Det starta som DJ og etterkvart vart det remiksing av kjende låtar, noko som førte til at sjølvaste Kygo spelte ein låt av Justin Timberlake som Sjur hadde laga sin eigen versjon av. Dermed var vegen kort til strøymetenesta Spotyfy, og sidan er låtane hans blitt spelt millionar av gonger.

For to år sidan sa Sjur at han ønskte å prøve seg som låtskrivar og produsent sjølv.

– Korleis gjekk det?

– Det gjekk fantastisk bra, og no har den første låten «Let me love you» passert 90 millionar avspelingar på Spotyfy. Den nyaste singelen går også veldig bra, så det ser veldig lovande ut.

Hausemusikk

Då Sjur for ni år sidan var på Malakoff for første gong, sat han i lag med nokre kompisar utanfor teltet og spelte housemusikk på ein CD-spelar.

– Då kom det ein kar forbi som slo av spelaren og ga beskjed om at på Malakoff skulle det ikkje spelast House. No har eg nettopp vore på scena i 45 minutt og spelt house, og folk song med. Det var ei fantastisk oppleving som eg ikkje trudde var mogeleg for berre to år sidan, smiler artisten, som verkar for å ha begge føtene planta solid på bakken og ikkje har primadonnanykkar av noko slag.

Han er derimot audmjuk i høve til suksessen og er glad for all støtte han har fått frå familie og vener.

– Dei har støtta meg heile vegen, og det er fantastisk kjekt, peikar han på.

Ferie og nye festivalar

Sjur er overvelda over responsen han fekk av publikum på Malakoff.

– Kompisane mine tykte konserten var heilt rå, og det var heilt vilt å sjå på alle som dansa og song. Eg vil også ha sagt at det å spele her på Malakoff er noko av det største er har opplevd i karrieren, seier Sjur, som no skal ha eit par rolege veker før det ventar nye festivalar i Oslo og Stavanger i august. Ny musikk er også på trappene og til hausten kjem det nye låtar.

– Ny musikk blir det jobba veldig aktivt med for tida, og vi arbeider også med booking for neste år, fortel den travle artisten frå Gloppen som er i ferd med å legge verda for sine føter.

Ein stor del av nedlastinga av musikken hans kjem nemleg frå USA og Canada.

Det kokte framfor scena då SJUR køyrde showet sitt. (Foto: Mads Holm Neset)
Aleks Grey frå Nordfjordeid var vokalist på siste nummer som var «Let me love you».