Sjukehustilsett testa positivt

Ein tilsett ved Førde sentralsjukehus har testa positivt på covid-19, opplyser helseføretaket i ei pressemelding søndag.

Medarbeidaren er sjukepleiar og testa positivt laurdag kveld. Sjukepleiaren er nytilsett i Helse Førde, og har av den grunn berre fått første vaksinedose.

– Det har i dag vore gjort eit omfattande arbeid med smittesporing tilbake til onsdag. Fire inneliggjande pasientar er nærkontaktar. Alle desse er fullvaksinerte. Dei er blitt hurtigtesta for korona i dag, og alle testane er negative, heiter det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åtte andre pasientar som er nærkontaktar, er utskrivne. Helse Førde har vore i kontakt med deira heimkommunar, og dei blir følgde opp der.

I tillegg er seks medarbeidarar i Helse Førde testa. Alle desse har testa negativt.