FHI opplyser at det er fleire smittestoff som gir luftvegsinfeksjonar no, mellom anna kikhoste og mykoplasma-infeksjonar, i tillegg til vanlege forkjølingsvirus. Foto: Erik Flaaris Johansen/NTB/NPK.

Sjukdomsauke i Noreg: – Hald deg heime

Helsedirektoratet og FHI melder om ein auke i luftvegsinfeksjonar og oppmodar folk til å halde seg heime dersom ein kjenner seg sjuk.

– Det viktigaste er å halde seg heime når du er sjuk, uavhengig av årsak, og oppsøkje helsetenesta dersom du har behov for helsehjelp, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet til VG.

Ho fortel at det er auke i fleire luftvegsvirus no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ser ofte ein auke i luftvegsinfeksjonar på denne tida av året. No er folk meir saman igjen innandørs enn gjennom sommarferien, fortel Brandstorp.

Preben Aavitsland, fagdirektør og professor ved Folkehelseinstituttet, fortel at det også har vore mykje covid-19 frå siste del av sommaren, men at det ser ut til å stabilisere seg no. Han meiner det kan vere at vi vil sjå to–tre covid-bølgjer i året.

– Vi må rekne med å bli smitta kvart eller annakvart år. Dei fleste får ein infeksjon dei knapt merka, eller dei blir småsjuke medan nokre få blir skikkeleg sjuke, seier han.

Helsedirektoratet opplyser ein ikkje treng å teste seg for covid sjølv om ein har luftvegssymptom, med mindre ein er i risikogruppa. (©NPK)