Sju nye er covid-19-smitta i Stad

Det blei søndag påvist sju nye tilfelle av covid-19-viruset i Stad kommune. Alle nye nærkontaktar vert sette i karantene og testa, opplyser kommunen i ei pressemelding.

– Resultat søndag kveld viser at til saman fire personar i Selje har fått påvist covid-19 som nærkontaktar til tidlegare smitta i tre ulike husstandar. Desse var alle i karantene. To av dei smitta er born som går ved Leikvang barnehage og Stadlandet skule, men desse har ikkje vore i barnehage/skule i smittsam periode. Ved Selje skule har ein elev på 8. trinn og ein tilsett fått påvist smitte etter testing fredag. Elevar ved 10. trinn ved Selje skule vert definerte som nærkontaktar til den tilsette og vert sette i karantene søndag kveld og kalla inn til testing måndag. Husstandsmedlemer vert sette i ventekarantene, heiter det i pressemeldinga.

Selje barnehage vil halde stengt og det vert digital undervisning ved Selje skule i veka som kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Nordfjordeid har ein vaksen nærkontakt til ein tidlegare smitta fått påvist smitte etter testing fredag. Denne personen er tilsett i administrasjonen ved Eid ungdomsskule.

– I samband med den smitta tilsette ved Eid ungdomsskule er ein trygg på at det ikkje har vore risiko for smitte vidare til elevar ved skulen i veka som har vore. Sidan det no finst ein risiko for smitte til lærarkollegiet, ønskjer ein å skape tryggleik for at dette ikkje kan føre til smitterisiko for elevar ved skulen dei komande dagane. Etter ei samla vurdering vil det difor verte digital undervisning for elevar ved Eid ungdomsskule i veka som kjem.