Dette året var det perfekte forhold for Rypeskarrennet. Stein Erik Heskestad nærmar seg saftstasjonen og ein velfortent kvil. Det gjer også Aksel Nesse og Andrea Heskestad. I pulken sit Kornelia Heskestad.

Sjeldan var det vakrare å delta i Rypeskarrennet

Alt klaffa for arrangøren av Rypeskarrennet dette året. Om lag 400 personar registrerte seg ved start.

Ingen kunne klage på forholda dette året. I fjor vart Rypeskarrennet avlyst på grunn av snømangel, og året før bles renet nærast vekk sjølv om det vart arrangert. Derfor var det høgst fortent at sola glitra frå skyfri himmel dette året.



-Alt har gått prikkfritt. Ingen kan klage på vêret, og vi har fått mykje skryt for løypene. I år har det vore slik vi ønskjer det skal vere, smiler leiar i skigruppa Astrid Fjellestad Hauge. Det er blitt ettermiddag og dei frivillige i Fjellhug/Vereide er i ferd med å rigge ned ved startpunktet.



Stort arragement

Å arrangere Rypeskarrennet krev både førebuing og mange frivillige til å utføre dugnad. Dette året registrerte om lag 400 personar seg ved starten på Utvikfjellet. Dei fleste gjekk over til Kleivane skisenter. I tillegg var det 65 deltakarar i konkurranseklassen der om lag halvparten gjekk heile rundløypa på 23 km.

Astrid Fjellestad skulle gjerne sett at fleire turgåarar registrerte seg, og at det var fleire som stilte i konkurranseklassane.

-I dei yngste klassane er deltakinga om lag som tidlegare, men i dei eldre klassane er det for lite i eit så stort arrangement. Men i Birken stiller dei, seier ho og skulle ønskje fleire lokale fann plass til deltaking i det tradisjonsrike, lokale Rypeskarrennet.



Perfekt

For dei som deltok, enten som turgåarar eller som konkurranseløparar, var det ein fantastisk dag, heilt lik alle dei andre dagane denne påska. Derfor var det berre smil og tilfredse folk å sjå langs heile løypa.

Raskast i herreklassen var ikkje uventa Jon Rolf Skamo Hope, Hyen IL på tida 54,28, Raskaste kvinne var Bodil Ryste, Gaular på 66,55.

Dei yngre løparane gjekk 10 km, der Markane-løparen Oskar Guddal Breivik i G15-16 hadde beste tid.

Og på Utvikfjellet var det god, gammal utfart. Det var ikkje ein einaste ledig parkeringsplass å oppdrive då klokka nærma seg 11 og parkeringsvaktene hadde ein stri tørn med å dirigere bilane slik at det vart plass til flest mogeleg.

-I år er forholda slik vi ønskjer det. Alt har gått prikkfritt, seier Astrid Fjellestad Hauge i Fj/V.
Jon Rolf Skamo Hope vann konkurranseklassen.
Mange gjekk over til Kleivane skisenter. Det er godt med ein god pause ved saftstasjonen før siste etappe.