Det siste blaffet av sommar kan vere over til helga, seier meteorologen.Foto: Erik Johansen/NTB scanpix/NPK.

Siste blaff av sommar kan vera over før helga

Den ekstra bonussommaren vi har no med varme og sol, kan vera over i store delar av landet når helga kjem.

– No får vi det siste blaffet av sommar, før dette vêret som kjem inn gjennom helga, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule ved Meteorologisk institutt.

Det gjeld særleg for Trøndelag og nordover. Men dei fleste av oss må nok sjå i auga at vi er på veg inn i tidleg haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Makstemperaturar

– Ein kan ikkje kalla det sommar meir, det er tidleg haust no. Det gjeld òg for Vestlandet. Det blir litt betre på Austlandet, sjølv om du kan få éi og anna bye der òg, men temperaturane blir betre her. Truleg opp mot 20 grader fredag. Men så blir det gradvis lågare temperaturar gjennom helga, kanskje opp mot 16 grader gjennom søndagen, seier ho.

På Vestlandet blir det mellom 16 til 17 grader på det beste og kanskje med makstemperaturar på 15 grader laurdag og søndag.

– Om du er heldig, seier statsmeteorologen.

Det kjem lågtrykk inn frå Norskehavet og vil gi byer på Vestlandet og i fjellet. Dette vêret vil halda fram laurdag, medan byeaktiviteten vil gå noko ned søndag.

Fleire byer

Nedbøren kjem fredag til Trøndelag og gir samstundes meir ustabil luft lenger nord i landet.

– Det blir byevêr i det meste av Nord-Noreg gjennom fredagen, ser det ut til. Først i Nordland og så nordover.

Tone Christin Thaule i Meteorologisk institutt varslar vidare byer på laurdagen, og lågtrykket ligg over landsdelen òg søndag.

For Nord-Noreg varer dette vêret utover måndagen. Tysdag blir kanskje ein mellomdag tidleg på dagen, men seinare på dagen kan ein ana eit nytt vêrsystem som kjem inn. Først på Vestlandet og vidare austover og nordover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pluss i fjellet

Sjølv om temperaturane går ned over heile landet samanlikna med dei fine dagane vi har hatt i det siste, vil det halde seg på pluss framover.

– Det er ikkje nokon fare for fjellovergangane førebels. Finse får òg plussgrader framover. Om det skulle komme noko kvitt, så er det heilt på høgfjellet. Framleis ser det ut til at vi får plussgrader over det heile ei stund, seier statsmeteorologen.

(©NPK)