Simen Farberg.

Simen frå Oslo fann draumejobben på Sandane

– Som nyutdanna er dette ein utruleg god måte å starte karrieren på, seier Simen Farberg (27) frå Oslo.


I 2004 gjekk Sparebanken Sogn og Fjordane, SFE, Domstein og Hotel Alexandra saman om å etablere ei traineeordning etter initiativ frå banksjef Arvid Andenæs. Det første kullet med traineear talde berre fire personar. Inneverande år er talet 27, og neste år ser det ut til å bli 31.

Tilfeldig

– Eg vart tilfeldig kjent med ordninga då eg søkte på nettet og fann Framtidsfylket si heimeside. Der såg eg at det var utruleg mange spennande stillingar. Det overraska meg litt, for eg assosierte Sogn og Fjordane først og fremst med spreidd busetnad, fin natur og kanskje eit litt mindre spennande arbeidsliv, fortel Simen Farberg. Han vart også overraska over at det ikkje fanst tilsvarande traineeordningar i andre fylke.

– Eg trudde først det var fordi eg hadde leita for dårleg, men det er faktisk få tilsvarande opplegg, seier Simen.

Han festa seg først og fremst ved stillinga hos Melin Medical, las seg opp på bedrifta og stilte  på karrieremessa Framtidsfylket arrangerte i Oslo.

– Der møtte eg to tidlegare traineear i Melin Medical som begge hadde fått fast jobb. Det dei fortalde, styrkte interessa mi for jobben, fortel Simen.

Aldri høyrt om Sandane

For å få jobben, måtte Simen Farberg gjennom tre intervju der det eine var gjennomføring av ei tenkt oppgåve.

– Det var ein tøff prosess, men også lærerik, fortel Simen som alt frå starten visste at jobben var på Sandane. Det var ein stad han aldri hadde høyrt om, i eit fylke han aldri hadde besøkt.

– Men eg har berre hatt gode opplevingar etter at eg kom hit i midten av juni. Melin Medical er ein utruleg spennande arbeidsplass der endringar skjer fort, men det var litt uvant å kome til ein så liten stad, seier Simen. Han har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon og ein mastergrad i international business frå Mexico. I Melin Medical arbeider han med internkontroll og analyse som såkalla business controller.

Motivert

– Det likar eg veldig godt. Ein fordel ved mange selskap i Sogn og Fjordane er at du får vere med på varierte arbeidsoppgåver og treffe mange forskjellege folk, seier Simen. Første august er det slutt på året som trainee. Då er det store spørsmålet om han får jobbtilbod.

– Eg er veldig motivert for å halde fram. Avklaringa får eg i mai. Då handlar det om Sandane som arbeidsstad. Det er eg absolutt open for. Her passar min kompetanse inn, og her er det meir spennande arbeidsoppgåver for meg, seier Simen. Han er heller ikkje framand for å slå seg ned på Sandane, men strekar under at ingenting er bestemt, og mykje kan skje.

Ein ting er han derimot heilt sikker på: Å vere med i traineeprogrammet til Framtidsfylket er ein utruleg god måte å starte karrieren på som nyutdanna.

Godt opplegg

– Eg er her for å lære og blir sendt rundt i ulike avdelingar for bli kjent med bedrifta og dei tilsette. I tillegg deltek vi i eit opplegg der vi reiser rundt og blir kjende med næringslivet i fylket og møte dei andre traineeane, fortel Simen.

I løpet av året er det fire samlingar for med fagleg og sosialt innhald.

– Eg ha delteke å to samlingar så langt. Den første var  i Viksdalen. Ein viktig del var at vi skulle bli kjende med kvarandre. Det var på ein måte litt teambuilding. I tillegg var det føredrag av bedriftsleiarar, fortel Simen Farberg. Den andre samlinga var i Måløy der det i tillegg var bedriftsbesøk.

– Og i april skal vi vere ei veke i Brüssel. Det ser eg veldig fram til, seier Simen Farberg.