Sigrid er tvinga til å legge opp

Sigrid Heien Hansen og Vålerenga vann både Toppserien og cupfinalen i 2020.

Sandensaren Sigrid Heien Hansen legg den aktive fotballkarrieren på hylla etter å ha fått påvist ein muskelsjukdom som fører til sterke smerter i leggen.

– Det var veldig tungt. Eg trur aldri ein blir førebudd på det. Det er min draum, og eg har spelt fotball så lenge eg kan hugse. Eg skal vere ærleg og seie at det knuste meg, seier Heien Hansen til NRK.

I fjor var ho sentral på laget da Vålerenga vann både serie og cup.

Artikkelen held fram under annonsen.