Sigmund Eikås får plate i 70-årspresang. Foto: Oddleiv Apneseth.

Sigmund Eikås blir hylla

Denne veka går «Førdefestivalen» av stabelen, ein festival Sigmund Eikås var med på å dra i gang i 1990. I morgon er det plateslepp med Eikås sin musikk i samband med at spelemannen fylte 70 år i april.

Allsidig kar

Sigmund Eikås har også vore bonde storparten av livet, og han handterer traktor, gravemaskin og sagbruket på garden like naturleg som felebogen. Han har spela fele sidan han var gutunge og han har eit variert knippe av komposisjonar bak seg.

— Sigmund Eikås har eit 30-tals komposisjonar å vise til, som spenner frå dei eldre slåttetypane som springar og halling, til drivande runddansslåttar og lydarslåttar. Med sin kompetanse på godt dansespel og inngåande kjennskap og kjærleik til den vestlandske slåttetradisjonen, ber Eikås sine komposisjonar preg av usvikeleg formsans. Utgangspunktet hans er musikktradisjonen på Vestlandet, men han har alltid komponert med sterk eigenkarakter og originalitet. Slik heiter det i omtalen frå «Førdefestivalen»

Elevane stiller opp

Som felepedagog har Sigmund Eikås hatt mange elevar både i sitt «eige» spelemannslag, Indre Sunnfjord, og som Fylkesmusikar. Fleire av desse er frå Jølster og på plata finn vi tre Jølstringar som kvar på sin måte har utmerka seg med hardingfela, enten som soloartistar eller i samspel med andre. Erlend Apneseth, Synnøve S. Bjørset, og Gro Marie Svidal er alle nasjonale kjendisar som har hatt Sigmund Eikås som læremeister. Saman med Vidar Underseth og Dagfrid Vallestad framfører dei Sigmund sine slåttar på plata. Med på plata er sjølvsagt også Indre Sunnfjord Spelemannslag og Gamlebanken Spelemannslag. Begge har medlemmer som har vore elevane til Sigmund.

Nytt konsept

— Ein cd med utvalde Sigmund-komposisjonar er ikkje utgitt før. Dette albumet er dokumentasjon av ein musikar og komponist som har sett djupe spor etter seg i norsk musikkliv. Fleire av slåttane er kjende og mykje brukte. Andre har aldri vore framførde før dei no er med på denne utgjevinga, seier plateselskapet Ta:lik i ei pressemelding.

Mange vil nok meine at denne plata burde vore kommen før, sidan det handlar om ein komponist og artist med så lang fartstid. Men det er sjølvsagt betre seint enn aldri og i morgon blir Sigmund også hylla med konsert i Førdehuset, der komposisjonane hans blir framførde av utøvarane på plata, i tillegg til jubilanten sjølv. Han skal både spele og fortelje historier, har vi skjøna. Sigmund Eikås handterer begge deler på ein framifrå måte.

Fakta om Sigmund Eikås (f.1947)

* A-klassespelemann og hardingfelepedagog frå Jølster.
* Tilsett som folkemusikar i Sogn og Fjordane fylkeskommune sidan 1989.
* Musikalsk leiar for Indre Sunnfjord Spelemannslag sidan 1973, med eit års opphald 2015–16 (då Ingrid Heieren leia laget). Som leiar for laget var han sentral i stiftinga av Landsfestivalen i gammaldansmusikk (1986) og Førdefestivalen (1990). Har også leia laget til fleire førsteplassar på Landskappleiken.
* Styreleiar for Førdefestivalen 1992-1995 og 2003.
* Nokre utmerkingar: Spellemannpris-nominert for soloplata «Jølstring» (1994); Rff-prisen (1994); fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane (2001); heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn/FolkOrg (2002). Postens kulturpris i 2007.



Sigmund Eikås har lang fartstid bak seg som leiar av Indre Sunnfjord spelemannslag, sjølv om han eigentleg ikkje er så glad i lagspel.

Sigmund Eikås har lang fartstid bak seg som leiar av Indre Sunnfjord spelemannslag, sjølv om han eigentleg ikkje er så glad i lagspel.