SFE med svært sterkt halvårsresultat

Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt på 275 millionar kroner i første halvår 2019. Dette er 183 millionar kroner høgare enn første halvår i fjor, og det er eit av dei beste halvårsresultata for SFE, skriv verksemda i ei pressemelding. 

Den sterke resultatveksten skuldast i hovudsak positiv verdiendring på kraftkontraktar i sikringsportefølja, men samstundes er den underliggande drifta også god og betre enn 1. halvår i fjor. Marknadsverdien på urealiserte kraftkontraktar er auka med 100 millionar kroner sidan årsskiftet, og dette er ein viktig grunn til det gode resultatet. Til samanlikning vart det i 1. halvår 2018 kostnadsført 77 millionar kroner i urealisert verdinedgang. Dette forklarar såleis 177 millionar kroner av resultatauken frå 1. halvår i fjor.

- Som eit ledd i risikostyringa vår, sel vi delar av framtidig kraftproduksjon gjennom finansielle kraftsalskontraktar. Verdien av kraftkontraktane steig frå ein negativ verdi på 54 millionar kroner ved årsskiftet til ein positiv verdi på 46 millionar kroner pr 30.06.19. Dette utgjer ein stor del av betringa i halvårsresultatet samanlikna med 2018, seier konsernsjef Johannes Rauboti i pressemeldinga.

Kraftprisen i prisområde NO3 i 1. halvår var 39,7 øre/kWh. Det er ein auke frå 37,6 øre/kWh 1. halvår i fjor. SFE sin kraftproduksjon var 868 GWh, mot 937 GWh i tilsvarande periode i fjor.

SFE ventar eit årsresultat i 2019 som er litt betre enn fjorårets resultat på 286 millionar kroner.

Investerer for vekst
SFE har to større vasskraftverk under bygging. Østerbø kraftverk i Høyanger kommune  eig SFE i lag med BKK. SFE sin eigardel på 58% vil ha ein produksjonskapasitet på 96 GWh når kraftverket står ferdig i 2020. Jølstra kraftverk i Jølster kommune eig SFE  i lag med Sunnfjord Energi. Kraftverket skal ferdigstillast i 2021 og SFE sin del på  50% vil gje ein netto produksjonsauke på om lag 104 GWh.

- Desse investeringane vil til saman auke SFE sin produksjonsportefølje med om lag 10%. SFE sine gode resultat dei siste åra er viktig for å sikre finansiering av desse investeringane, seier Rauboti.