Foto: Gloppen Friidrettslag.

Sette ny krinsrekord

Thomas Mardal, Gloppen Friidrettslag, sette ny krinsrekord i slegge under eit stemne på Loggane søndag. Den nye rekorden er på 68,15 meter.

Det vart ein svært god sleggekonkurranse for 20-åringen, som først denne sesongen har satsa for fullt på sleggekast. Den 7,26 kg tunge slegga gjekk lenger og lenger utover i konkurransen, før den i 5. omgang landa på rekordlengde.

Med resultatet søndag, har Mardal flytta den tidlegare krinsrekorden til Ove Farsund med nesten fire meter.

Kastet plasserer han på ein 8. plass i Noreg gjennom tidene.