FRAMTIDAS HURTIGBÅT: Dei nye energieffektive hurtigbåtane vil sikre minst like høg fart og kort reisetid, men med lågare energiforbruk, som gjer det mogleg å drive desse båtane på batteri. Arkivfoto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune.

Set prosjekt Framtidas hurtigbåt på vent

Vestland fylkesting har vedteke å stoppe prosjekt «Framtidas hurtigbåt» fram til statleg medfinansiering er på plass. Samarbeidet mellom dei involverte i fylkeskommunane blir vidareført.

– Det har vist seg å vere svært utfordrande å få på plass finansiering, og prosjektet blir difor stoppa fram til statleg medfinansiering er på plass. Me treng statleg hjelp til å dekkje meirkostnadene som følgjer når ein skal byggje heilt nye prototypar som aldri har vore konstruert på eit verft tidlegare, kommenterer fylkesordførar i Jon Askeland.

Han understrekar at dette gjeld hurtigbåtar på lange strekningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hurtigbåtar som skal trafikkera korte strekningar er kjent teknologi, seier fylkesordføraren.

Utsleppsfrie hurtigbåtar

Framtidas hurtigbåt er eit utviklingsprosjekt med ambisjon om å utvikle utsleppsfrie hurtigbåtar som i dag ikkje er tilgjengeleg i marknaden.

Fylkeskommunane Finnmark, Nordland, Trøndelag og Vestland var nyleg ferdig med ein spennande designfase, der fire nye energieffektive hurtigbåtar vart utvikla og modelltesta.

– Det er gjort eit solid arbeid av alle deltakarne i prosjektet. I designfasen for det energieffektive løpet vart det oppnådd svært gode resultat, med dokumenterte energi innsparingar på opptil 50 prosent samanlikna med tradisjonelle hurtigbåtar, seier Askeland.

For å kome vidare med å byggje fullskala hurtigbåtar med nye skrog og framdriftsteknologi, etterlyste fylkeskommunane statleg draghjelp.

– No har fylkeskommunane, ved hjelp av norske aktørar, gått saman om å designe heilt nye energieffektive skipsskrog som reduserer energibehovet med opptil 50 prosent. Viss statlege politikarar ser nytta av at Noreg kan leie an i å utvikle ny skipsteknologi, så står fylkeskommunane klare til å fullføre prosjektet, uttalte fylkesrådsleiar i Nordland, Svein Øien Eggesvik tidlegare i år.

Ønskjer å vidareføre arbeidet

Sjølv om finansiering ikkje er på plass, vert samarbeidet mellom dei involverte i fylkeskommunane vidareført, ettersom overgangen til nullutsleppsløysingar på hurtigbåt er ei felles utfordring, som det gode samspelet mellom partane kan bidra til å løyse.

Vedtaket:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Fylkestinget føreset og er avhengig av statleg medfinansiering for å nå dei nasjonale måla om reduksjon av klimagassutslepp frå hurtigbåtar.

2. Fylkestinget ønskjer å vidareføre arbeidet med å utvikle energieffektive nullutsleppshurtigbåtar for lengre samband gjennom samarbeidsprosjektet Fremtidens hurtigbåt, men forutset statleg medfinansiering og risikoavlastning til Fremtidens hurtigbåt, før prosjektet blir vidareført med bygging av pilotfartøy.

Tilsvarande sak vil også bli behandla i Trøndelag, Finnmark og Nordland fylkeskommunar.