Dei neste to vekene vil pasientar vil få spørsmål om dei har vore på Austlandet i løpet av dei siste ti dagane når dei kjem til sjukehusa på Vestlandet.

Set i verk nye tiltak i samband med mutert koronavirus

Sjukehusa på Vestlandet tar smittevern på alvor og har sett ned nye retningslinjer i samband med utbrotet av mutert koronavirus på Austlandet. Dei nye rutinane gjeld frå 24. januar, og førebels i to veker framover.

Pasientar vil få spørsmål om dei har vore på Austlandet i løpet av dei siste ti dagane. For dei det gjeld vil ein setje inn ekstra tiltak for å hindre spreiing av smitte. Med Austlandet meiner ein sør for Trøndelag og aust for Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

For pasientar som skal til planlagd behandling, vil sjukehusa vurdere å utsetje timen i ti dagar etter at pasienten har vore på Austlandet, om det er medisinsk forsvarleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innlagde pasientar som har vore i aktuelt område i aktuelt tidsrom, skal vere isolerte og testast. Ved negativ test vil isolasjonen verte oppheva.

Pasientar som har vore på Austlandet og har spørsmål, kan kontakte sjukehuset på 57 83 98 20 frå måndag morgon.

Det er òg innført nye rutinar for bruk av munnbind på sjukehus. I alle situasjonar der det ikkje er råd å halde ein meter avstand, skal både pasientar, pårørande og tilsette nytte munnbind.

Besøksreglane til sjukehusa i Helse Førde gjeld som før. Men dersom du som pårørande har vore på Austlandet dei siste ti dagane, eller framleis oppheld deg der, kan du dessverre ikkje komme på besøk på sjukehusa våre. Det vert gjort unntak for besøk til barn og pasientar i siste fase av livet.

Elles gjeld sjølvsagt smittevernråda som alltid:

-Hald god avstand, helst to meter

-Vask hendene ofte og grundig

-Har du symptom på luftvegsinfeksjon, bli heime

Artikkelen held fram under annonsen.

-Ha kontakt med så få som råd