Sørstranda Rundt blir arrangert 28. mars.

Sesongen startar med Sørstranda Rundt

Den siste laurdagen i denne månaden er det sesongstart for terreng- og landevegsløparane. Tradisjon tru er premieren Sørstranda Rundt.

28. mars er det berre å håpe at vårsola i bakkane blenkjer, og ikkje som det enkelte år har vore; nordavind og snø i lufta. For mange er Sørstranda Rundt årets første konkurranse og ein test på korleis vintertreninga slår ut.

Det har jamt over vore bra deltaking, men på grunn av kollisjon med andre arrangement stilte berre rundt 20 løparar til start i fjor.

– Året før var det god deltaking med over 70, seier avtroppande leiar i friidrettsgruppa i IL Brodd, Daniel Dyrnes. Han reknar med like mange dette året, minst.

Les meir om Søsrtranda rundt i papirutgåva fredag 20. mars.