Seremonirom i eit mangfaldig samfunn

Pressemelding: Årsmøtet i Human-Etisk Forbund (HEF) i Sogn og Fjordane ser eit klart behov for livssynsopne seremonirom. Lokale som kan brukast til ulike seremoniar i ulike livsfasar, og ikkje minst, uavhengig av den enkelte sitt livssyn.

Spørsmål etter livssynsopne, estetiske og høgtidelege seremonirom vil auke i tida framover. Vi er inne i ei samfunnsutvikling der individet sitt personlege val er ein sjølvsagt rett. Vi ser ei større grad av innvandring og mangfaldig kultur kring livssyn og religion. Behovet for å kunne gjennomføre verdige seremoniar i livssynsopne lokale vil auke i kommunane våre i tida som kjem.

Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane møter stadig vanskar med å gjennomføre humanistisk gravferd i ei ramme som er tilfredsstillande ut frå vårt estetiske og etiske verdisyn.

For å få til betre prosessar rundt seremoniane våre og lette arbeidet for HEF sine frivillige, er det på tide å få ei god oversikt over mogelege seremonirom i fylket.

Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane vil gjennom eit samarbeid med kommunane, foreta ei systematisk kartlegging av lokale som kan nyttast av alle borgarar uavhengig av religion og livssyn.

I 2015 vil fylkeslaget kartleggje mogelege seremonilokale i Nordfjord. Basert på desse erfaringane, vil prosjeketet bli vidareført til resten av fylket.

Til hausten er det kommuneval, og Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane vil på det sterkaste be om at alle politiske parti tek dette inn på agendaen, og får det med i sine program!